Fantastisk fantasy: Mio, min Mio

Mappetekst 1: Fagartikkel om skjønnlitteratur for barn og litteraturdidaktikk

Dette er ein av to fagartikler eg har skrive i forbindelse med videreutdanning i norsk på Høgskolen i Oslo og Akershus.


Innleiing

Denne fagartikkelen tar for seg boka Mio min Mio, og korleis ho kan arbeidast med i småskulen, nærare bestemt, i 3. og 4. årssteg. I fyrste del av artikkelen vil eg diskutere boka på eit generelt grunnlag ut i frå eit litteraturteoretisk perspektiv. Eg vil fokusere på dei viktigaste trekka ved denne type fantasy, korleis hovudpersonen reiser til ei fantasiverd og må kjempe mot vonde krefter. Eg skal også gjere greie for bruk av forteljarstemme i boka.

I andre del av artikkelen, skriv eg meir konkret om korleis boka kan brukast praktisk som ein del av undervisninga i norskfaget på småskulesteget. Her vil eg skissere eit undervisningsopplegg tilknytt felles lesestunder der klassen les boka i fellesskap.

Eg skal vere heilt ærleg og seie at ein av grunnane til at eg valde Mio, min Mio til denne oppgåva, er at eg sjølv er veldig glad i fantasylitteratur. Erfaring viser at ekte leseglede er smittsomt (Lillesvangstu, Tønnesen, & Dahll-Larssøn, 2014, s. 16). Derfor håpar og trur eg at mi entusiasme for sjangeren gjer det lettare for elevane å få positive forventningar til denne forteljinga, som eg meiner er ei veldig god ei.

Mio, min Mio: Ei litteraturteoretisk analyse

Mio, min Mio er ein fantasyroman skriven av Astrid Lindgren. Boka blei utgitt i 1954, og er såleis Lindgrens fyrste roman av typen high fantasy. Frå før har ho gitt ut bøker om til dømes Pippi, som har overnaturlege trekk, sjølv om handlinga i historia er lagt til vårt eige univers. I Mio, min Mio er handlinga lagt til ei overnaturleg og fantastisk verd. Dette er noko som er typisk for såkalla high fantasy, kor heile, eller delar av, handlinga ligg i eit univers som liknar på det universet vi kjenner frå det verkelege liv, men som likevel skil seg frå vårt univers, til dømes ved at det finst mytiske eller overnaturlege vesen i fantasiverda (Sandberg, 2003).

Hovudpersonen Bo er ein ni år gamal foreldrelaus gut. Han bor hos eit par adoptivforeldre som heilt tydeleg har tadd han til seg fordi «dei må», og Bo opplev at han ikkje er ønska, og ikkje høyrer til. Ein dag møter Bo ei ånd som tar han med til Landet i det fjerne, kor han får treffe far sin, Kongen. Han får også vite at hans eigentlege namn ikkje er Bo, men Mio.

I Landet i det fjerne er alt godt, men i Landet utenfor herskar den vonde Ridder Kato. Det viser seg at Mio er den utvalde til å reise til Landet utenfor for å kjempe mot Ridder Kato. Det utvalde barnet er eit motiv som er typisk for fantasy-litteraturen (Birkeland & Mjør, 2012, s. 62). Historia ender sjølvsagt godt, noko som er typisk for dei fleste barnebøker, og kanskje særleg i fantasy-sjangeren.

I tillegg til Mio, min Mio har Astrid Lindgren skrive to andre bøker som kan plasserast innanfor kategorien high fantasy (Sandberg, 2003). Den eine boka, Ronja Røverdatter frå 1981, fortel historia om Ronja og Birk som kjem frå to røvarfamiliar som ikkje er samde. Her er det naturleg å trekke parallellar til William Shakespeares Romeo og Julie.

Den andre boka er kanskje ei av Lindgrens aller mest kjende. Brødrene Løvehjerte handlar om to brør som etter at dei døyr, hamnar i ei fantasiverd kor dei ender opp midt i ei kamp mellom det gode og det vonde.

Det er lett å tenkje at Mio, min Mio og Brødrene Løvehjerte er bøker som liknar på kvarandre. Hovudpersonane i begge bøkene reiser frå den verkelege verda og hamnar i ei fantasiverd der dei må kjempe mot vonde krefter. Begge bøkene er eksempel på innhaldsorientert fantasy kor mykje av historia handlar om forflyttinga mellom den verkelege verda og fantasiverda (Birkeland & Mjør, 2012, s. 60), men Mio, min Mio er på mange måtar ei enklare forteljing enn Brødrene Løvehjerte både når det gjeld lengde på boka, samt kompleksiteten i historia. Både i Brødrene Løvehjerte og Mio, min Mio er det kampen mellom det gode og det vonde som står i sentrum, noko som også er eit typisk sjangertrekk for innhaldsorientert fantasy (Birkeland & Mjør, 2012, s. 60).

Mio, min Mio er skrive med ein intern forteljar. Når ei bok er skrive med intern forteljar, betyr det at det er hovudpersonen sjølv som fortel lesaren kva han har opplevd (Skarᵭhamar, Kunsten å lese skjønnlitteratur, 2012, s. 67). Frå fyrste side i boka, går det klart fram at forteljaren fortel om noko han har opplevd. Han vender seg også direkte til lesaren frå fyrste setning:

«Var det noen av dere som hørte radio den femtende oktober i fjor? Var det noen av dere som hørte at de etterlyste en gutt som var blitt borte? Her er det hallo-mannen sa …» (Lindgren, 1992, s. 9)

Med unntak av denne opninga, blir historia fortald kronologisk. Vi får vite korleis Bo blir med ånda til Landet i det fjerne, han møter sin far kongen, må reise ut for å kjempe mot Ridder Kato, og returnerer til slutt heim til sin far kongen. Forteljinga nyttar ein slags heime-borte-heime-formel, kor hovudpersonen må ut for å utføre oppdraget sitt (Birkeland & Mjør, 2012, s. 60). Eg seier ein slags fordi historia startar «borte». I starten av forteljinga bor Bo hos adoptivforeldre som ikkje er glad i han, og han følar seg eigentleg ikkje heime der. Det er fyrst når ånda tek han med til Landet i det fjerne og han får møte far sin at han er heime. Eventyret startar fyrst når Mio har komme til Landet i det fjerne og får vite at han må reise til Landet utenfor for å kjempe mot Kato.

På sin reise til, og gjennom, Landet utenfor, møter Mio mange hjelparar. Han får også eit magisk sverd som kan hugge gjennom stein. Både gode hjelparar og magiske hjelpemiddel er typiske eventyrtrekk (Birkeland & Mjør, 2012, s. 38) som Astrid Lindgren brukar i forteljinga si.

Ein kan setje spørsmålsteikn ved om det faktisk er ei ånd som hentar Bo til Landet i det fjerne eller om han berre sit på benken i parken og drøymer seg bort. Samtidig har eg lyst til å være varsam med å «overtolke» fantastisk litteratur som dette. Ofte blir fantasyforteljinga betre om ein godtek historia slik ho er. Uansett er det oss vaksne som eventuelt vel denne tolkinga. Eit barn vil mest sannsynleg ikkje ha noko problem med at ei ånd tar Mio med til Landet i det fjerne.

Praktisk bruk av boka i klasserommet

Forteljinga om Mio som skal ut for å kjempe mot den vonde Ridder Kato er ei historie som lett kan fenge elevane i 3. og 4. årssteg. Det er ei forteljing som godt kan samanliknast med til dømes «Ringenes Herre», men Lindgrens historie er noko enklare enn Tolkiens episke fantasytrilogi. I utgangspunktet er boka skriven med eit relativt enkelt språk, som dei aller fleste elevane vil forstå. Likevel er det snakk om ei bok på over 180 sider, og eg forventar ikkje at alle elevane mine skal klare å lese heile boka på eigenhand. Dette undervisningsopplegget tar difor sikte på at vi skal lese mesteparten av boka i fellesskap, noko som kan vere bra også for dei sterke lesarane, ettersom det gir heile gruppa ei felles leseoppleving og eit godt utgangspunkt for felles samtalar om det vi har lese (Lillesvangstu, Tønnesen, & Dahll-Larssøn, 2014, s. 49), men ein del av boka skal også lesast av elevane sjølv.

Boka inneheld tolv kapittel, og eg planlegg å kunne lese eitt kapittel kvar dag. Det er viktig å sette av tid kvar einaste dag slik at elevane opplever kontinuitet og ikkje fell ut av historia (Lillesvangstu, Tønnesen, & Dahll-Larssøn, 2014, s. 50). Det vil seie at vi kjem til å bruke litt meir enn to veker på å lese heile boka. Samtidig veit eg av erfaring at ingen dagar i skolen er like, og det er ikkje gitt at vi får tid til å lese kvar einaste dag. For sikkerheits skuld bereknar eg difor å bruke tre veker.

Før vi startar den fyrste leseøkta vil eg vise fram boka og la elevane sjå på bildet av dei to barna som rir på den kvite hesten. Kva trur elevane at boka handlar om? Etter å ha diskutert i nokre minutt vil eg vise fram nokre av illustrasjonane i boka. Kva trur elevane at boka handlar om no? Å bruke tid på å sjå på illustrasjonane skapar ei forventning til kva boka handlar om, og det kan vere med på å skape forventningar og motivasjon til historia (Ulland, Palm, & Andreassen, 2014, s. 126). Etter å ha diskutert kva vi trur boka handlar om, startar vi lesestunda. Etter at eg har lese omtrent to tredelar av kapittelet, får elevane jobbe i par. Dei les resten av teksten for kvarandre. Når elevane har lese ferdig, har vi ein liten munnleg runde i klasserommet på kva det er vi har lest og kva elevane trur at vil hende vidare.

Alle dei neste leseøktene vil bli innleia med ein kort repetisjon av kva som hende i historia førre gong vi las. Eg vil veksle på samtale i plenum kor elevane rekk opp handa og fortel noko dei hugsar frå førre gong, og parsamtalar kor elevane diskuterer to og to kva som har skjedd til no i historia. Etter kvar einaste leseøkt skal elevane få snakke med kvarandre om kva dei trur kjem til å skje vidare. Nokre gongar kan vi også gjere andre aktivitetar, som å tekne ei lita teikning for å illustrere det dei har høyrd, noko som kan gjere det lettare å hugse tekstinnhaldet (Ulland, Palm, & Andreassen, 2014, s. 129). Vi kan også lage korte rollespel av delar av historia.

Når det berre er to kapittel igjen, er det tid for fantasiskriving. Elevane blir delt inn i par, og får to og to bruke ein time på å dikte sin eigen slutt på historia. Slik tekstbasert skriving kan fungera godt, sidan elevane allereie har eit forhold til karakterane i forteljinga. Fantasiutfoldinga blir dermed avgrensa til ei gitt ramme som elevane kjenner godt (Skarᵭhamar, 2011, s. 88). Disse sjølvlaga sluttane skal ikkje visast til nokon andre enno. Etter at vi har lese dei to siste kapitla er det tid for den største refleksjonen til no. Elevane diskuterer i par kva dei synst om boka. Kva likte dei godt, og kva kunne vert betre? Til slutt kan dei para som ynskjer det få lov til å lese den slutten dei sjølv har skrive. Kva var annleis med den slutten dei har skrive, samanlikna med Astrid Lindgrens slutt?

Mio, min Mio og Kunnskapsløftet

Gjennom eit så stort leseprosjekt som det eg har planlagt i denne artikkelen, treff ein fleire mål innanfor norskfaget. Prosjektet i si heilheit tar utgangspunkt i følgjande mål frå LK06 (Utdanningsdirektoratet, 2013):

  • lytte etter, gjenfortelle, forklare og reflektere over innholdet i muntlige tekster
  • følge opp innspill fra andre i faglige samtaler og stille oppklarende og utdypende spørsmål
  • lese, reflektere over og samtale om egne og andres tekster
  • skrive enkle fortellende, beskrivende og argumenterende tekster
  • gi uttrykk for egne tanker om språk, personer og handling i tekster fra ulike tider og kulturer

Det er ei forutsetning at læraren er godt førebudd til leseøktene, sånn at han kan hjelpe elevane med diskusjonane vi har om innhaldet i boka kvar einaste gong vi les. Det er også viktig å hugse på at ein må ta seg tid til å diskutere innhaldet i boka. Slik vil elevane lære seg å snakke om tekstane dei les.

Eit leseprosjekt blir avrunda

Astrid Lindgren har dikta ei flott forteljing som hentar element frå fleire sjangrar, mellom anna eventyr. Historia om Mio som må fri både Landet i det fjerne og Landet utenfor frå Ridder Kato kan samanliknast med store episke verk som Tolkiens «Ringenes Herre», men har ei mykje enklare historie, noko som er grunnen til at eg meiner ho passar godt for elevar i 3. og 4. årssteg.

I denne artikkelen har eg trekt frem det eg meiner er dei viktigaste elementa i fantasyromanen «Mio, min Mio». Eg har argumentert for korleis ein kan bruke boka i undervisninga på 3. og 4. årssteg i skulen, noko eg håpar å prøve ut i praksis i løpet av våren.

«Mio, min Mio» er no ei over 60 år gamal bok, men eg er ikkje i tvil om at det er ei historie som vil fascinere elevane mine i dag, og forhåpentlegvis også barn og vaksne i mange år framover.

Referansar

Birkeland, T., & Mjør, I. (2012). Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar (3.. utg.). Oslo: Cappelen Damm.

Lillesvangstu, M., Tønnesen, E. S., & Dahll-Larssøn, H. (2014). Inn i teksten – ut i livet. (H. Dahll-Larsson, Red.) Bergen: Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke AS.

Lindgren, A. (1992). Mio, min Mio. (O. Bang-Hansen, Omset.) Oslo: De norske Bokklubbene A/S.

Sandberg, J. (2003). Svensk fantasy svälter. Tolkiens Arda, 2003(14). Henta 03 02, 2017 frå Tolkiens Arda: http://tolkiensarda.se/new/nummer/magsidor/arttre9.htm

Skarᵭhamar, A.-K. (2011). Litteraturundervisning: teori og praksis. Oslo: Universitetsforlaget.

Skarᵭhamar, A.-K. (2012). Kunsten å lese skjønnlitteratur. Oslo: Universitetsforlaget.

Ulland, G., Palm, K., & Andreassen, R. (2014). Den andre lese- og skriveopplæringa: lesing. I B. K. Jansson, & H. Traavik (Red.), Norskboka 2: Norsk for grunnskolelærerutdanning 1-7 (ss. 113-134). Oslo: Universitetsforlaget.

Utdanningsdirektoratet. (2013). Læreplan i norsk (NOR1-05). Henta frå http://www.udir.no/kl06/NOR1-05?lplang=nno

 

Tanker om dette?